onsdag, februar 02, 2011

Engasjert

Har engasjert meg i ein del ting etter at me flytta til Fitjar, og det blir litt travelt av og til. I helga arrangerte me Tårnagenthelg i kyrkja - eit spennande opplegg for 19 ungar i 3. klasse. Me har planlagt i lang tid, og både 8-åringane, foreldre og andre syns det vart ei flott helg som vart avslutta med Tårnagentgudsteneste og kyrkjekaffi på søndag.

Det er òg nokre styremøte som skal gjennomførast, og saker som skal følgjast opp. Sist veke var det Barnas Turlag, og denne veka både Indremisjonen og O-gruppa, men det er jo kjekt å vera aktivt med i ulike ting.

måndag, januar 24, 2011

Joggetur

Det var vondt å jogga i dag. Strekken i leggen er tilbake, og det er vel berre å ta det med ro eit par veker. Eller kanskje eg skal drive litt alternativ trening. Håpar det blir spinning på jobb på torsdag, så får eg i alle fall litt trim der. I skogen går det nok bra å springa òg, men asfalt eller anna hardt underlag er ikkje tingen. Gler meg til våren med o-løp og turar på fjellet og i skogen. :-)

søndag, januar 23, 2011

Fin helg i Haugesund

Kanskje på tide å skriva litt igjen. Det er lenge sidan sist, og når ein ikkje er så kjapp i formuleringane, så tar dette litt for mykje tid. Og ein har vel heller ikkje så mykje fornuftig og kome med alltid.

Me har hatt ei fin helg i Haugesund saman med andre fosterforeldre. Storsamlinga på Rica Maritim er eit høgdepunkt i løpet av året, og me får gode og inspirerande foredrag som er nyttig i arbeidet vårt som foreldre og fosterforeldre. Hovudinnlegget i år var ved Egil Søby som snakka om sukessfaktorar i kvardagen. Her var det mykje visdom, og han fekk sagt veldig mykje bra på 2,5 timar utan pause. Begeistring gir resultater - Det sitter mellom ørene, er overskrifta på bloggen hans: http://egilmotivasjon.com/ Mål, ambisjonar og rett tenking har utruleg mykje å seie for om ein lukkast i det ein driv med, og det skal bli interessant å sjå om det er mogleg å praktisera noko av det han fortalte oss. Tolmodigheten blir kanskje sett på prøve, men me får prøva og håpa på gode resultat.

søndag, april 26, 2009


I dag har vi hatt ein fantastisk dag på Fitjar-fjellet. Vi starta på Vestvik og satte kursen mot Tindane. Barnas Turlag har toppen som ein av sine topptrimturar. Kjempefint der oppe, og vi anbefaler alle å besøke Tindeslottet. Om nokon ikkje har fått tak i klyppekortet til Barnas Turlag, så får de kjøpt det hos meg eller Hilde Førre for kr 30,-. Nedturen gjekk forbi Mosavatnet og til Svartavatnet, der vi fann post 44 på turorienteringa. Ein fin og god sti. Deretter gjekk to av oss heim via Svartavatnet og fann eit par postar til, medan dei to andre gjekk tilbake til Vestvik.

fredag, april 24, 2009

Vår på Fitjar

I dag har kom eg heim frå to dagars konferanse på Flesland. Det har vore ein del turar til Bergen den siste tida, men det er kjekt å få vera med på kurs og konferansar der ein òg blir kjent med folk på andre skular.

I morgon skal eg, Daniel og Jakob til Moster på fotballcup, og det ligg an til ein fin dag med vårlege temperaturar.

I dag var det på tide med første plenklipp, og det er nok av ting å ta seg til både i hagen og elles.

torsdag, januar 01, 2009

Godt nytt år!

Me har no vore vel fem månader på Fitjar, og alle har det fint. Me trivast i jobb, skule og barnehage, og gutane er med på ulike aktivitetar på fritida. M.a. fotball, turn, søndagsskule og barnekor.

Det er kjekt å bu i ei bygd med stor aktivitet på bedehuset, og det er i så måte stor skilnad frå Odda. Eit barnekor på over 50 born er bra på ein så liten plass, og det er kjekt å bli kjent med mange andre kristne familiar.

Aktiviteten i o-gruppa er ikkje så stor, men me vil nok prøva å engasjera oss litt på den fronten òg. Det er jo brukbar aktivitet i Stord, så løpstilbodet er bra i sesongen. Det er òg flotte turmulighetar og treningsforhold, så det blir kanskje fleire joggeturar.

Me har hatt ei fin jul på Sunnmøre, og nyttårsfeiringa var stille og fredeleg for oss sjølv her heime.

søndag, oktober 05, 2008

Fine treningsforhold

Her på Fitjar ligg forholda godt til rette for ein aktiv kvardag. Det er kort veg til jobb, og naturleg å bruka sykkelen meir enn i Odda. Stadion ligg rett bak huset, og det er ei fin turløype rundt Rossneset (som òg ligg rett utanfor stovedøra). Fitjarfedle har òg mange fine stiar og traktorvegar som det er kjekt å jogga på. I tillegg er me ein gjeng på jobb som trenar spinning saman før me går heim frå jobb om torsdagane. Håpar difor på stigande form, og større fart i o-løypene neste sesong. :-)

fredag, august 08, 2008

Ny jobb på Fitjar

No har me vore på Fitjar i to veker, og førsteinntrykket er veldig bra. Eg starta på jobb som IKT-konsulent på Fitjar vidaregåande på måndag, og er godt i gang med klargjering før skulestart.

Eg trur eg kjem til å trivast godt på Fitjar og i jobben, og gler meg til nytt skuleår med nye utfordringar.

fredag, juli 18, 2008

Bibelcamp i Lyngdal

Etter Sørlandsgaloppen reiste me til Lyngdal for å vera nokre dagar på bibelcampen. Det var dårleg ver, så me måtte bruka Sørlandsbadet til bading (den eine dagen). Me var òg på nokre køyreturar, m.a. ein tur til Lindesnes.

På føremiddagane var det gode barneopplegg på skulen samtidig med bibeltimar i den nye hallen, og om kvelden var det gode møte. Talarar denne veka var Jostein Skutlaberg og Marit Stokken. Det var òg veldig kjekt å bli kjent med Kjerstin Stokken og borna frå Fitjar.

Sørlandsgaloppen


Over 30 personar frå Odda deltok i årets galopp i Kristiansand. Me budde i døveforeininga sitt hus på Dvergsnestangen slik me gjorde for fire år sidan, og hadde ei fin veke. Veret var variert, og det var ikkje så aktuelt med bading, men det er alltid sosialt og kjekt når me bur saman slik.

Eg sprang H35AK, og dei fire første løpa gjekk ganske bra - med to 4. plassar og to 5. plassar. På fridagen var me sjølvsagt i dyreparken, og det vart ein ganske fin dag. Me fekk òg med oss m.a. konsert med Lisa og Sofie Børud i teltet på campingen.