tysdag, november 06, 2007

Mykje ver for tida

Sist onsdag var eg til Bergen, og tok bussen frå Odda til Rosendal kl 05.40. Eg hadde ein behageleg tur med båten, og var framme i Bergen kl 08.30. Her var det samling for systemansvarlege på Bergen kongressenter frå kl 10 - 15.

På samlinga fekk vi informasjon om ulike tekniske ting, elevPC-ordninga og korleis ein tenkjer å organisera "IT-folka" i framtida. Den viktigaste endringa er at funksjonen som systemansvarleg skal avviklast. I staden skal det vera ein IKT-driftsoperatør i full stilling på kvar skule som tek seg av alle tekniske ting. Ordninga med superbrukarar held fram, men det er òg planar om å ha ein e-koordinator på kvar skule i tillegg til e-pedagog for kvar region.

Eg fekk tid til litt shopping før eg hoppa på båten tilbake, men då vi nærma oss Rosendal fekk vi beskjed om at vegen forbi Furebergfossen var stengt. Det var òg ras i Skånevik, så det gjekk ikkje an å reisa den vegen heller.

Etter avtale med bussjåføren vart eg ståande på gatekjøkenet ei stund før eg vassa bort til hotellet. Seinare på kvelden konkluderte vi med at det vart overnatting på hotellet.

Dagen etter var det mogleg å køyra forbi fossen, og etter ein rask frukost vart det drosje og buss til Odda, og eg var klar for ein ny skuledag ca kl 08.30.