onsdag, mars 26, 2008

Flott konsert i Spektrum

Fredag 14. mars reiste eg med buss til Voss, og overnatta på vandrarheimen før eg tok toget til Oslo laurdag morgon. I Oslo vart det ein liten tur innom Oslo City etter å ha sjekka inn på City hotell. Kl 4 møtte eg Ove, Inger og Jan Olav, Elisabeth og Steinar og Karin og Øyvind. Me fekk oss litt mat på Burger King før me rusla bort til Olso Spektrum.

Det vart ein strålande kveld, der Gaither Vocal Band, Ernie Haase & Signature Sound og fleire frå homecoming-gjengen begeistra ca 7500 personar i over fire timar. Sjå bilete frå konserten her.

Søndag var det tog tilbake til Voss, der Ellen og gutane venta. Så var det nokre timar i bil før me var på Valderøya. Ein kald og sur påske med snø og vind, så det vart ikkje så mykje me var ute.

torsdag, mars 06, 2008

Vilt, vakkert og vått

Det går mot vår, og orienteringsløparane i Odda er i ferd med å vakna frå vinterdvalen. Sist helg var det klubbsamling på Stord, og rundt tjue personar frå Odda fekk prøva seg både på nattorientering og ulike andre o-tekniske utfordringar.

Norges Orienteringsforbund har slagordet ”Vilt Vakkert og Rått”, og denne helga vart det både rått og vått. Det har vel regna meir eller mindre samanhengande i heile 2008, så myrar og bekkar var ganske fulle i vatn.

Samlinga starta med nattløp fredag kveld, og både små og store fekk prøva seg med lykt på hovudet ut i den mørke skogen. Dei fleste starta ut to og to, og mange fekk erfare at det er mykje vanskelegare å finna fram i mørket enn i dagslys. Løypa starta ganske enkelt, men mange fekk problem med dei litt vanskelege postane mot slutten av løypa.

Laurdag føremiddag skulle alle ut på ei løype der ein m.a. fekk trening i å lesa høgdekurver og gå på kompasskurs. I tillegg var det mykje finorientering der ein måtte vera konsentrert heile vegen. Dessverre regna og bles det kraftig, så det vart ein våt og kald fornøyelse, og mot slutten av løypa skulle ein kryssa ein stor bekk der fleire hamna til livet i det kalde vatnet. Med iskalde fingrar var det heller ikkje lett å få skifta på seg tørre klede, men med litt hjelp fekk ein etter kvart varmen i seg i ein oppvarma bil.

Humøret var likevel på topp etter ein dusj og pizza på Dolly Dimple’s. Den andre økta på laurdagen vart likevel utsett til søndag på grunn av det dårlege veret på føremiddagen, og sjølvsagt vart det då fint ver resten av den dagen. Dei seks ivrigaste tok seg då ein treningstur likevel, før det var bowling på kvelden.

Søndag regna dei igjen, men det var likevel ikkje så gale som laurdag, og gjengen gjorde seg klar for einmanns-stafett. Her var det lagt ut fire korte løyper på ca 1 km i eit terreng som kravde høg konsentrasjon og kartforståing. Dei fleste bomma nok litt, men hadde godt utbytte av treninga.

O-løparane gler seg til sesongen startar, og håpar at fleire skal oppdage kor fasinerande denne sporten er. Det er ein kjempeflott familieaktivitet, og sjølv born under skulealder vil ha glede av gå gjennom nybyrjarløypene – saman med vaksne i starten.