fredag, desember 29, 2006

Fredag 29. desember

Me er tilbake i Odda etter ei fin veke på Stord. Me har besøkt ein del folk, og eg var med på romjulsløpet 2. juledag. Resultatet er ikkje noko å skryta av, men det var kjekt å vera med. Nyttårsafta blir det tradisjon tru fullt hus her hos oss, og familien Fanebust bur her eit par netter.

torsdag, desember 21, 2006

Torsdag 21. desember

No er me klar for juleferie! På laurdag reiser me til Stord, og det skal bli godt med nokre dagar fri frå jobb. Marit og jentene blir òg heime eit par dagar i tillegg til Heidi, så det blir fullt hus. Me håpar på litt fint ver, slik at me kan vera ute ein del, men har òg lyst å besøkja litt folk.

onsdag, desember 13, 2006

Onsdag 13. desember

I går og i dag har eg vore på "lederopplæring i IKT" saman med fire andre frå skulen. Kurset består av fire modular, og det blir tre samlingar til i Bergen utover vinteren. Over 200 personar frå dei vidaregåande skulane er med på dette kursopplegget. Det var to innhaldsrike dagar med forelesingar av m.a. Arne Krokan. Han klarte på ein flott måte å engasjera og inspirera forsamlinga, og eg trur dei fleste fekk ein god start på ein viktig prosess fram mot ein IKT-strategi for skulen.

Ellen og gutane var med til Bergen, og besøkte familien Fanebust medan eg budde på hotell og var på kurs til seint på kveld.