søndag, oktober 05, 2008

Fine treningsforhold

Her på Fitjar ligg forholda godt til rette for ein aktiv kvardag. Det er kort veg til jobb, og naturleg å bruka sykkelen meir enn i Odda. Stadion ligg rett bak huset, og det er ei fin turløype rundt Rossneset (som òg ligg rett utanfor stovedøra). Fitjarfedle har òg mange fine stiar og traktorvegar som det er kjekt å jogga på. I tillegg er me ein gjeng på jobb som trenar spinning saman før me går heim frå jobb om torsdagane. Håpar difor på stigande form, og større fart i o-løypene neste sesong. :-)

fredag, august 08, 2008

Ny jobb på Fitjar

No har me vore på Fitjar i to veker, og førsteinntrykket er veldig bra. Eg starta på jobb som IKT-konsulent på Fitjar vidaregåande på måndag, og er godt i gang med klargjering før skulestart.

Eg trur eg kjem til å trivast godt på Fitjar og i jobben, og gler meg til nytt skuleår med nye utfordringar.

fredag, juli 18, 2008

Bibelcamp i Lyngdal

Etter Sørlandsgaloppen reiste me til Lyngdal for å vera nokre dagar på bibelcampen. Det var dårleg ver, så me måtte bruka Sørlandsbadet til bading (den eine dagen). Me var òg på nokre køyreturar, m.a. ein tur til Lindesnes.

På føremiddagane var det gode barneopplegg på skulen samtidig med bibeltimar i den nye hallen, og om kvelden var det gode møte. Talarar denne veka var Jostein Skutlaberg og Marit Stokken. Det var òg veldig kjekt å bli kjent med Kjerstin Stokken og borna frå Fitjar.

Sørlandsgaloppen


Over 30 personar frå Odda deltok i årets galopp i Kristiansand. Me budde i døveforeininga sitt hus på Dvergsnestangen slik me gjorde for fire år sidan, og hadde ei fin veke. Veret var variert, og det var ikkje så aktuelt med bading, men det er alltid sosialt og kjekt når me bur saman slik.

Eg sprang H35AK, og dei fire første løpa gjekk ganske bra - med to 4. plassar og to 5. plassar. På fridagen var me sjølvsagt i dyreparken, og det vart ein ganske fin dag. Me fekk òg med oss m.a. konsert med Lisa og Sofie Børud i teltet på campingen.

tysdag, juni 17, 2008

Pakkinga er i gang

Me har fått kjøparar til huset, og skal skriva kontrakt i morgon. Pakkinga er i gang, og det er mykje som skal ordnast i løpet av sommaren. Me skal overta huset på Fitjar 21. juli, så me får vel litt tid til ferie òg. Me planlegg tur til Valderøy i neste veke, men blir nok i Odda og pakkar veka etterpå. Deretter er det Sørlandsgaloppen i Kristiansand og nokre dagar i bibelcampen i Lyngdal.

torsdag, juni 05, 2008

Kjøpe huset vårt?

Vi flyttar til Fitjar i løpet av sommaren, og eg skal byrja som IKT-konsulent på Fitjar vidaregåande skule. Ta kontakt dersom du vil ta ein tur å sjå på huset vårt. Taksten finn du her, og budskjema kan du laste ned her.

onsdag, april 23, 2008

Nydeleg tur til Kyrkjenuten


Det har vore mange flotte dagar i april, og denne onsdagen skulle eg og Torgeir (Stave) endeleg ta turen til Kyrkjenuten. Meldingane var ikkje heilt topp, men det var ein stålande dag likevel. Vi starta frå Korlevoll ca 9:45, og fann fort ut at feller var det luraste å ha under skia.

På toppen av Tjoaminne tok vi ein pause, men vegvalet var ikkje heilt lurt vidare. Vi kursa oss mot Kyrkjenuten, men fann etter kvart ut at det var lurast å gå ned igjen til Steintjødnane. Det vart ein hard tur for ein utrent kropp, men me kom oss opp bakkane til slutt (ca kl 14.40).

Turen ned igjen gjekk via Dyrskard, og tok ca 2 timar. Det vart ein god del svingar ned bakkane for ein som er litt pysete, og Dyrskardvatnet vart ganske langt, men heldigvis hadde me god gli slik at det gjekk greit å stake. Sjølv om eg hadde tendensar til krampe, kom eg meg greit ned - med berre eit fall.

onsdag, mars 26, 2008

Flott konsert i Spektrum

Fredag 14. mars reiste eg med buss til Voss, og overnatta på vandrarheimen før eg tok toget til Oslo laurdag morgon. I Oslo vart det ein liten tur innom Oslo City etter å ha sjekka inn på City hotell. Kl 4 møtte eg Ove, Inger og Jan Olav, Elisabeth og Steinar og Karin og Øyvind. Me fekk oss litt mat på Burger King før me rusla bort til Olso Spektrum.

Det vart ein strålande kveld, der Gaither Vocal Band, Ernie Haase & Signature Sound og fleire frå homecoming-gjengen begeistra ca 7500 personar i over fire timar. Sjå bilete frå konserten her.

Søndag var det tog tilbake til Voss, der Ellen og gutane venta. Så var det nokre timar i bil før me var på Valderøya. Ein kald og sur påske med snø og vind, så det vart ikkje så mykje me var ute.

torsdag, mars 06, 2008

Vilt, vakkert og vått

Det går mot vår, og orienteringsløparane i Odda er i ferd med å vakna frå vinterdvalen. Sist helg var det klubbsamling på Stord, og rundt tjue personar frå Odda fekk prøva seg både på nattorientering og ulike andre o-tekniske utfordringar.

Norges Orienteringsforbund har slagordet ”Vilt Vakkert og Rått”, og denne helga vart det både rått og vått. Det har vel regna meir eller mindre samanhengande i heile 2008, så myrar og bekkar var ganske fulle i vatn.

Samlinga starta med nattløp fredag kveld, og både små og store fekk prøva seg med lykt på hovudet ut i den mørke skogen. Dei fleste starta ut to og to, og mange fekk erfare at det er mykje vanskelegare å finna fram i mørket enn i dagslys. Løypa starta ganske enkelt, men mange fekk problem med dei litt vanskelege postane mot slutten av løypa.

Laurdag føremiddag skulle alle ut på ei løype der ein m.a. fekk trening i å lesa høgdekurver og gå på kompasskurs. I tillegg var det mykje finorientering der ein måtte vera konsentrert heile vegen. Dessverre regna og bles det kraftig, så det vart ein våt og kald fornøyelse, og mot slutten av løypa skulle ein kryssa ein stor bekk der fleire hamna til livet i det kalde vatnet. Med iskalde fingrar var det heller ikkje lett å få skifta på seg tørre klede, men med litt hjelp fekk ein etter kvart varmen i seg i ein oppvarma bil.

Humøret var likevel på topp etter ein dusj og pizza på Dolly Dimple’s. Den andre økta på laurdagen vart likevel utsett til søndag på grunn av det dårlege veret på føremiddagen, og sjølvsagt vart det då fint ver resten av den dagen. Dei seks ivrigaste tok seg då ein treningstur likevel, før det var bowling på kvelden.

Søndag regna dei igjen, men det var likevel ikkje så gale som laurdag, og gjengen gjorde seg klar for einmanns-stafett. Her var det lagt ut fire korte løyper på ca 1 km i eit terreng som kravde høg konsentrasjon og kartforståing. Dei fleste bomma nok litt, men hadde godt utbytte av treninga.

O-løparane gler seg til sesongen startar, og håpar at fleire skal oppdage kor fasinerande denne sporten er. Det er ein kjempeflott familieaktivitet, og sjølv born under skulealder vil ha glede av gå gjennom nybyrjarløypene – saman med vaksne i starten.