tysdag, november 06, 2007

Mykje ver for tida

Sist onsdag var eg til Bergen, og tok bussen frå Odda til Rosendal kl 05.40. Eg hadde ein behageleg tur med båten, og var framme i Bergen kl 08.30. Her var det samling for systemansvarlege på Bergen kongressenter frå kl 10 - 15.

På samlinga fekk vi informasjon om ulike tekniske ting, elevPC-ordninga og korleis ein tenkjer å organisera "IT-folka" i framtida. Den viktigaste endringa er at funksjonen som systemansvarleg skal avviklast. I staden skal det vera ein IKT-driftsoperatør i full stilling på kvar skule som tek seg av alle tekniske ting. Ordninga med superbrukarar held fram, men det er òg planar om å ha ein e-koordinator på kvar skule i tillegg til e-pedagog for kvar region.

Eg fekk tid til litt shopping før eg hoppa på båten tilbake, men då vi nærma oss Rosendal fekk vi beskjed om at vegen forbi Furebergfossen var stengt. Det var òg ras i Skånevik, så det gjekk ikkje an å reisa den vegen heller.

Etter avtale med bussjåføren vart eg ståande på gatekjøkenet ei stund før eg vassa bort til hotellet. Seinare på kvelden konkluderte vi med at det vart overnatting på hotellet.

Dagen etter var det mogleg å køyra forbi fossen, og etter ein rask frukost vart det drosje og buss til Odda, og eg var klar for ein ny skuledag ca kl 08.30.

onsdag, september 19, 2007

Travel haust

Sjølv med redusert stilling, har det vore ein ganske travel haust. På skulen har alle vg1-elevar fått berbare PCar, og klargjering og support på desse har krevd mykje tid. Det er òg mange andre arbeidsoppgåver som står i kø på skulen. I tillegg skal ein bruka tid saman med familien, og engasjera oss i ulike ting både på bedehuset og i o-laget.

Eg har 80 % på skulen, og er heime med Izak om onsdagane. Ellen har 70 % på barneskulen, men har ikkje fridag. Ho får gjort unna det meste av arbeidet før ho kjem heim, så det blir meir tid til familie og andre ting.

Jakob vart 5 år 26. august, og det vart feira fleire dagar, med både guteselskap og familieselskap. Helga etter var det Odda 2-dagars i ausande regnver, og arbeidet i sekretariatet krevde ein del. Izak vart 3 år 9. september, og me var i konfirmasjon til Veronica same helga. Me overnatta hos Kristin og Eivind på Bønes, og fekk besøkt fam Fanebust igjen.

Barnearbeidet på bedehuset er godt i gang, og "Barnas PitStop" er det nye opplegget me satsar på. Her startar me med sal av middag, før det blir fellessamling og gruppesamlingar. Me håpar at dette slår an, og at fleire får lyst å vera med.

måndag, juli 16, 2007

Familieleir på Brandøy


11. juli var me klar for familieleiren på Brandøy. Både Ellen og eg var sett som leiarar, så det var ein del førebuing før me reiste. Både bibelsamlingar, familiesamling, og orienteringsløp med natursti og aktivitetar var godt planlagt. Til tross for mykje dårleg ver, vart det opplett og greit då me skulle senda alle familiane ut på orientering med oppgåver og aktivitetar torsdag ettermiddag. Det vart òg bra ver på turen fredag, då me køyrte opp til Gautehilderen og gjekk innover den fine vegen langs Langemyr. Ungane sprang av garde for å svara på oppgåvene som hang langs vegen, og alle kosa seg med elva der me stoppa for å eta nista. Me fekk oppleva ein god leir med godt fellesskap, god forkynning og fine samlingar for alle aldersgrupper. Det var òg misjonstivoli, der ein m.a. kunne betala for å få kasta leiarar på sjøen. Her kom det inn over 5000 kr, og det vart ganske mange som måtte bada mellom regnbygene. Det var mange ukjente folk og ikkje så lett å bli kjent med alle, men eg trur alle hadde det flott - og mange kjem sikkert tilbake neste år.

Sørlandsgaloppen

Ca 35 personar frå Odda reiste til Skien/Porsgrunn laurdag 30. juni for å vera med på Sørlandsgaloppen. Me budde i studenthyblar på same plass som for fire år sidan, i eit roleg og fint område der ungane kunne vera ute å leika trygt. Veret var ikkje så mykje å skryta av, men sola kikka fram enkelte dagar mellom regnbygene. Det var 25. gong eg deltok på galoppen, og i år sprang eg "pingleklassen" H35AK. Det vart ein del brukande resultat, og Odda o-lag hadde ein 1. plass kvar dag, der eg tok dei to siste. Samanlagt var eg berre 2 poeng (6 sekund) frå sigeren i klassen. Les meir på heimesida til o-laget.

laurdag, juni 02, 2007

Pinseløp

Sist helg var nesten 40 stk frå Odda til pinseløp i Kongsberg. To flotte dagar med sol, flotte løyper i flott terreng i Gamlegrendåsen, pizza, bowling og mykje sosialt og kjekt. Måndag vart ikkje fullt så triveleg, med skikkeleg surt og kaldt ver, der det hølja ned og var berre 6 grader. Dette resulterte i forkjøling, øyrebetennelse og bihulebetennelse for enkelte, men me håpar at ingen tek skrekken og avsluttar karriera for det.

laurdag, mai 19, 2007

Tur til Bergen

Etter ein strålande 17. mai i Odda vart det ei sur helg. Me reiste til Bergen på besøk til fam Fanebust fredag, og rakk òg ein tur innom Heidi. I dag stakk vi innom Lene og Ronny, og var til lunsj hos fam Pundsnes før me returnerte til Odda.

fredag, april 27, 2007

Fredag 27. april

O-sesongen er godt igang, og vi var til Haugesund sist søndag i ganske surt ver. Det var likevel kjekt å vera med. Denne veka var det 1. rankingløpet i Odda, og i det tunge terrenget i Eidesåsen merka eg at formen ikkje er på topp. På tysdag reiser vi ganske mange til Vikebygd på Vikesprinten.

onsdag, april 04, 2007

Påske på Sunnmøre

Påskeferien er som vanleg på Valderøy. Me reiste frå Odda til Stord på fredag, og møtte John-Inge og dei på laurdagen. Søndag morgon starta me turen nordover, og me har hatt fine dagar så langt. Veret vekslar litt, men me har vore ute kvar dag. På måndag var eg og Izak på tur bak Molnesfjellet (bilete). Der var me med heile familien idag dag òg, men det var litt mykje vind til at me kom oss opp på fjellet.

onsdag, februar 21, 2007

Onsdag 21. februar

I dag har kongen og broderen bursdag, det nærmar seg vinterferie, og alle er friske - bortsett frå ein stiv nakke hos underteikna. Vi reiser til Myrkdalen på fredag, og satsar på nokre fine dagar der saman med fam. Pundsnes og fam Sæther.

Torsdag reiser Ellen, Daniel og Jakob med fly til mormor og morfar. Det blir nok stas for gutane. Eg og Izak reiser til Stord nokre dagar.

laurdag, januar 20, 2007

Laurdag 20. januar

2007 er godt i gang, men det har i hovudsak vore regn, regn, og atter regn. Me håpar framleis at det kan bli nokre fine dagar med snø og sol, slik som på bilete frå Låtevatnet ein februardag i fjor. Meldingane dei nærmaste dagane ser bra ut, og me satsar på ein tur til fjells i morgon. Kanskje eg tar Daniel og Jakob med ein tur i lysløypa på Korlevoll måndag ettermiddag òg.