fredag, desember 29, 2006

Fredag 29. desember

Me er tilbake i Odda etter ei fin veke på Stord. Me har besøkt ein del folk, og eg var med på romjulsløpet 2. juledag. Resultatet er ikkje noko å skryta av, men det var kjekt å vera med. Nyttårsafta blir det tradisjon tru fullt hus her hos oss, og familien Fanebust bur her eit par netter.

torsdag, desember 21, 2006

Torsdag 21. desember

No er me klar for juleferie! På laurdag reiser me til Stord, og det skal bli godt med nokre dagar fri frå jobb. Marit og jentene blir òg heime eit par dagar i tillegg til Heidi, så det blir fullt hus. Me håpar på litt fint ver, slik at me kan vera ute ein del, men har òg lyst å besøkja litt folk.

onsdag, desember 13, 2006

Onsdag 13. desember

I går og i dag har eg vore på "lederopplæring i IKT" saman med fire andre frå skulen. Kurset består av fire modular, og det blir tre samlingar til i Bergen utover vinteren. Over 200 personar frå dei vidaregåande skulane er med på dette kursopplegget. Det var to innhaldsrike dagar med forelesingar av m.a. Arne Krokan. Han klarte på ein flott måte å engasjera og inspirera forsamlinga, og eg trur dei fleste fekk ein god start på ein viktig prosess fram mot ein IKT-strategi for skulen.

Ellen og gutane var med til Bergen, og besøkte familien Fanebust medan eg budde på hotell og var på kurs til seint på kveld.

søndag, november 19, 2006

Søndag 19. november

Kurs og julebord i regi av barnevernet i indre Hardanger på Ullensvang hotell i går. Overnatting til i dag. Kjekt å bli litt kjent med andre fosterfamiliar i Hardanger. Seinare i dag er det klubbkveld på Meieriet, med biletkavalkade, premieutdeling, mat og sosialt samvær.

måndag, november 06, 2006

Måndag 6. november

Det har vore ei våt helg. Dei siste tre døgna har det kome 23 + 51 + 58 =132 mm nedbør. I går var me på generasjonssamling på bedehuset, og gutane hadde overnattingsgjester frå fredag til laurdag. I dag er det mildt (ca 10 grader), men skifta likevel til piggdekk.

onsdag, november 01, 2006

Onsdag 1. november

November startar med temperatur like over null. Det har vore ein fin dag, og me har kjøpt oss eit heimekinoanlegg som nesten ikkje er brukt. Det meste av kvelden har gått med til montering og testing av dette. Me har ikkje TV i stova enno, men kan jo kopla til PCen.

laurdag, oktober 28, 2006

Fredag 27. oktober


Fredagskveld på Bedehuset med besøk frå Framnes. Eg viste ein lysbileteserie med haustmotiv, og det var andakt v/Kjell Strømme. Elevane frå Framnes leia allsongen og vitna. Det var òg intervju, der Maria Forstrøm fortalde om korleis det er å gå Framnes. Møtet avslutta med betasuppe, kaker og kaffi.

torsdag, oktober 26, 2006

Når eg ser din himmel


Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?
Salme 8, 4-5

Torsdag 26. oktober

Nysnø på fjellet og mykje regn (25 mm frå kl 16.30 i går til kl 16.30 i dag). Ein roleg dag på jobb sidan elevane var opptatt med operasjon dagsverk.